Laila Himle - Vegen til rekreasjon - Runner's World
Annonse

Laila Himle

Vegen til rekreasjon

Som eg nemnte i mitt første blogginnlegg, har kombinasjonen løping og natur blitt ein del av kvardagen min dei siste åra. Ikkje berre har det betra min fysiske form, men det har hjelpt meg psykisk slik at eg skal klara å takla kvardagen og dei utfordringane den har å by på.

«Sometimes you just need to disconnect and enjoy your own company»

I ei verd med overflod av teknologiske goder, drama, plikter og stress har alle behov for ein pust i bakken i ny og ne. For meg har løping ute i naturen blitt den raskaste vegen til rekreasjon. Berre det å vera ute i det fri gjer at mine tankar, forundringar, stress og kvardagsproblem blir redusert. Eg får tid og rom til å kjenne på stillheita, lade batteria samt å fokusere på det å berre eksistera.


Foto: Trolltunga, Hardanger


Heilt frå eg var lita har eg vore glad i naturen. Lange somrar på stølen i fjellet var noko av det beste eg visste. Om sola skein eller regnet hølja ned, spela inga rolle. Ut skulle eg uansett – turar i fjellet, fisking, fotball og mange andre aktivitetar ute på «Træet». «Træet» er eit stykke dyrka og inngjerda mark, ikkje akkurat slett plen, men med humpar og holer. Her føregjekk det mange duellar og konkurransar mellom oss søsken då alle er like dårlege taparar.

Foto: Stølen på Øyaset, Voss.

At eg er oppvaksen på gard og har tilbragt så mykje tid i fjellet som ung, er nok hovudgrunnen til naturinteressa eg har i dag. No nyt eg kvar tur eg tar, og stansar ofte opp for å observera det vakre landskapet og dyrelivet. Me har eit stort skattkammer av naturopplevingar rundt oss.


Foto: Ein liten pust i bakken i fine omgjevnadar, Bergen.

For det første er det den store variasjonen me har; mørke skogar, djupe fjordar, opne vidder og stupbratte fjell. For det andre er det måten naturen endrar seg etter seseongane. Snøsmelting og blomstring om våren, lyse varme sommarnetter, fargeforandringane om hausten og kalde mørke vinternetter. Naturen er i konstant endring og ein oppdagar nye ting på kvar tur. Berre vêret frå den eine dagen til den andre gjev store skilnadar. Ein dag kan stiane vera tørre, medan neste dag kan ein boltre seg i gjørme. Er du ein morgonfugl som meg, og tek løpeturen straks du har vakna, kan du få soloppgang på kjøpet. Det og solnedgang må vera noko av det vakraste som finst.

Foto: Summer vibes, Høgstefjell i Bergen.

Denne kombinasjonen med løping og natur gjev meg rein glede. Glede er ei individuell kjensle av lykke, og det som opplevast som glede for ein person treng ikkje nødvendigvis å vera glede for andre. Mange løper fordi dei føler dei må eller burde, ikkje fordi dei faktisk vil. Eg gjer det fordi eg vil. Ofte tek eg meg sjølv i å smila mutters åleine på tur. Er eg heilt åleine på ein topp, kan eg og ta eit aldri så lite gledesrop.


2018-07-02 11:53, visad 835 ggr

Kommentarer (0)

Kommentere


MerLaila Himle

Laila Himle er ambassadør for Scott. I denne bloggen forteller hun om trening, konkurranse og utstyr.

Dette er meg:

Født: 21.06.91

Heimstad: Voss

Utdanning: Bachelor i kroppsøving og idrettsfag. Tek vidareutdanning i Naturfag ved UIB.

Yrke: Lærar på barneskule og profesjonell fotballspelar for Sandviken IL (toppserien).

Interesser: friluftsliv, langrenn og springing

Målsetjing: utvikle meg som fotballspelar, samt å delta på ulike springekonkurransar. Årets springemål er å gjennomføre Eiger Ultra Trail run i Grindelwald, Sveits (E35).

Ambassadør: Scott Norge Trening

Instagram: laihimle

RSS-flöde

Arkiv





I bloggen

Anders Storhaug HeenMer


Våren gjør det så fristende å løpe mye! Mange øker løpsbelastningen voldsomt i løpet av noen få ... [Läs mer]

Siri Therese Flamme-LarsenMer

Jeg hører mye på lydbøker til og fra jobb, og gjerne hjemme mens jeg rydder. Og jeg tenkte det ... [Läs mer]

Eira TorsteinsenMer

Vinteren er en årstid hvor de fleste tikker inn minst én forkjølelse eller én sykdomsperiode. ... [Läs mer]

Følg Runner's World fb_symbol

Påmelding nyhetsbrev

Annonser
Annonser
Annonser