Laila Himle - Runner's World
Annonse

Laila Himle

Team Skyr - Rosa sløyfe-løpet

Utruleg kjekt å kunne få vera med på Team Skyr under årets Rosa sløyfe-løpet i Bergen. Eit slikt tilbod kan ein ikkje takke nei til. Dette er eit flott og viktig arrangement som eg syns dei fleste burde delta på det om ein har moglegheit. Det er ein måte å vise omtanke til dei som er ramma, samt det er ein arena for å kunne vera sosial og kunne utfolde seg fysisk. Rosa sløyfe løpet vert arrangert i 8 byar rundt om i landet og inntektene går til støtte av rosa sløyfe-aksjonen og brystkreftforsking. I år var det heile 3.000 påmelde i Bergen og det var satt ny deltakarrekord. Trass i både striregn og vind var det topp stemning blant alle som deltok!

"Vi sprang for ei god sak": Frå venstre: Eli Anne Dvergsdalen, Laila Himle, Eline Bjørneklett og Elise Selvikvåg Molvik.

Publicerat: 2018-10-09 09:51 Kommentarer (0)



Ein løpevest med god komfort

Scott Pack Trail RC – «ein løpevest med god komfort og plass til det du treng under lange løp».

«Balsam for sjela» eit bilete frå ein langtur i sommar.

Om ein skal delta på lange løp, motbakkeløp og liknande er det ofte eit krav om at deltakar må ha med seg mat og drikke, klær og diverse utstyr under turen av sikkerheitsmessige årsaker. Kvar deltakar skal vera sjølvforsynte mellom forfriskningsstasjonane/kontrollpunkta og ha varme klede tilgjengeleg. Uvær kan oppstå. Då er det lurt å ha ein sekk/vest som har lita vekt, rommar mykje og som har god funksjonalitet. Scott Pack Trail RC veg rett i overkant av 300g og kan romme opp til 4l + væske. Den er svært elastisk og har justerbare stropper som gjer det enkelt å tilpasse vesten til kroppen. Den har både lommer framme, bak og på sidene noko som er optimalt for å kunne fordela bærevekta – dette gjer det enkelt å få tilgang på nødvendig ernæring under turen. Framme på vesten er det festa ei nødfløyte om uhellet skulle vera ute. På ryggen er det ei ope lomme utanpå hovudlomma der ein kan setje løpestavar nedi, om ein brukar det, og ei stroppe på toppen til å feste dei med. Det følgjer med to Scott soft «squeeze-flasker» som rommar 0,5l kvar. Dei er geniale når ein skal ha rask væsketilførse. Då det berre er til å bøye hovudet ned og klemme på flaska. Vesten kjem i fargen svart med gule detaljar, slik som mykje anna av Scott sitt utstyr.


Bergen, Hordaland.

Scott Pack Trail RC er ein løpevest eg likar veldig godt, og eg ser det er mange gode fjelløparar som brukar den same. Eg brukte denne under Eiger Ultra Trail run i sommar, og har den alltid på meg under lange løpeturar. Den er komfortabel, sitt klistra på overkroppen og gneg ikkje mot huda. Det er herleg å sleppe å kjenne ein sekk som hoppar opp og ned på ryggen når du er ute og skal nyte turen. Til samanlikning med min gamle Camelbak drikkesekk, vart eg meir andpusten ved inntak av væske gjennom drikkeslangen enn kva eg no blir. Det var heller ikkje så lett å halde Camelbaken rein. «Squeeze-flaskene» derimot, kan du hive rett inn i oppvaskemaskina. I tillegg er løpevesten til Scott forholdsvis prisgunstig og ligg rett i underkanten av 1000-lappen.

Det eg skulle ønska, var at Scott kom med eit større størrelsesutval av denne vesten. Den kjem i størrelsane XS/S, M og L/XL. Mellom dei to fyrste størrelsane er det kjempestor forskjell. M blei for stor for meg, medan XS/S er i grenseland. Under turar og løp på våte dagar, kan det vera smart å pakke dei tørre kleda inn i brødposar då vesten ikkje er vanntett.

Du kan lese meir om produktet og teknisk informasjon her...

Publicerat: 2018-09-12 13:41 Kommentarer (0)



Eiger Ultra Trail Run: «Mitt fyrste store terrengløp»

Eg veit nesten ikkje kor eg skal byrje å fortelje. Alt frå opningsseremonien om fredagen til løpet var gjennomført laurdagen har vore ei magisk reise. Spenninga og nervene før start, smertene undervegs og gledeskjensla i målgang var ubeskriveleg. Eg trur nesten du må oppleve det sjølv for å forstå det. Det var nesten som om eg hadde funne meg sjølv.

Eiger Ultra Trail Run foregår i Grindelwald, Sveits, og vart arrangert for sjette gong no i år. Distansar ein kunne velje mellom var E16, E35, E51 og E101. Me var to jenter som reiste saman nedover. Eg valde distansen E35 og ho tok E16. Ingen av oss hadde tidlegare erfaringar med liknande konkurransar så me visste difor lite kva me gjekk til. Hovudgrunnen til påmeldinga var at me ville søkje nye naturopplevingar, samt at eg ville utforske meg sjølv på løpefronten. Er løping noko eg kan tenkje meg å drive meir med?

Spenninga bygde seg opp då det nærma seg avreise. Tankar om korleis me skulle førebu oss, kva tempo me skulle halde, korleis check pointsa fungerte osv. var ting me hadde lita greie på. Om me i det heile skulle klare å nå timelimiten var uvisst. Me «googla» sjølvsagt litt på førehand, men når det kom til stykke så gjorde me det me synst virka mest fornuftig der og då. Mange vurderingar såg ut til å fungera bra, medan andre vurderingar kunne me ha gjort noko annleis. Særleg eg som hadde ein litt lengre distanse. Viktigheita av salt både før og under konkurransen fekk eg merka godt. Eg trudde eg hadde gjort eit bra val med minimum to liter sportsdrikk, to gels og tre sportsbarar, men det viste seg å verta alt for lite. Krampa tok meg etter 26,6km, då eg var på full fart i utforkøyringane inn mot mål, og ein fysio måtte trø til på siste check point. Tempoet eg held fram til dess var i grunn greitt, då eg aldri vart skikkeleg sliten (dette trass 2000 høgdemetrar), og eg låg veldig bra an i klassen. Mamma følgde sjølvsagt med heime på datasport, så eg fekk ei heil oppdatering etter målgang om korleis eg hadde lagt an heile vegen. Hadde berre krampa helde seg vekke nedover bakkane, kunne dette blitt eit ganske godt resultat. Grunna mitt konkurranseinnstinkt kjende eg bitterheita kom litt smygande..

Foto: Eit lite gledessmil etter endt løp !

Foto: Alle deltakarar som fullførte løpet fekk medaljar. Stein som var henta frå Eiger.

Elles var det ein spektakulær tur. Grindelwald har eit unikt fjellområde, populært både om sommaren og vinteren, og ein kunne løpe i rein nytelse. Veret starta med litt regn, for så å skine opp. Folk var i møtekomande og trivlige. Var det nokon du passerte eller sprang ilag med heia dei deg fram og ønska deg ein god tur vidare. I tillegg stod det tilskodarar i store delar av løypa som skapte stemning. Sportsfotografar var plasserte ut og tok fine bileter av alle deltakarane. Desse er blitt tilgjengelege for dei som måtte ynskje det.

Foto: Undervegs i løpet, Alphafoto.com

Dagen etter løpet tok me ein sightseeing med tog, der me fekk oversikt over områda me hadde boltra oss i. Det var svært interessant, då me fekk sett dei store avstandane og høgdene me eigentleg hadde fart over.

Foto: Peikar opp mot Männlichen der løypa gjekk, Grindelwald.

Foto: Løypa gjekk under toppen av Eiger, Grindelwald.

Løypeprofil og kart for E36:

Høgdeprofil og kart henta frå: https://www.eigerultratrail.ch/en/e35-north-face-trail.html

Foto: Scott sine Supertrac RC sko og Pack Trail RC var ein del av outfiten. Takk for god sponsing, Scott Norge!

Dette har vore eit eventyr eg ikkje ville vore forutan. Eg er mange erfaringar rikare, og er allereie på utkikk etter nye løp. Har du gode forslag eller treng nokon å reise med send gjerne tips :)

No skal eg nyte dei siste feriedagane i den Italienske rivieraen. Ciao!

Foto: Cinque Terre, Italia!

Publicerat: 2018-07-22 14:08 Kommentarer (0)



Vegen til rekreasjon

Som eg nemnte i mitt første blogginnlegg, har kombinasjonen løping og natur blitt ein del av kvardagen min dei siste åra. Ikkje berre har det betra min fysiske form, men det har hjelpt meg psykisk slik at eg skal klara å takla kvardagen og dei utfordringane den har å by på.

«Sometimes you just need to disconnect and enjoy your own company»

I ei verd med overflod av teknologiske goder, drama, plikter og stress har alle behov for ein pust i bakken i ny og ne. For meg har løping ute i naturen blitt den raskaste vegen til rekreasjon. Berre det å vera ute i det fri gjer at mine tankar, forundringar, stress og kvardagsproblem blir redusert. Eg får tid og rom til å kjenne på stillheita, lade batteria samt å fokusere på det å berre eksistera.


Foto: Trolltunga, Hardanger


Heilt frå eg var lita har eg vore glad i naturen. Lange somrar på stølen i fjellet var noko av det beste eg visste. Om sola skein eller regnet hølja ned, spela inga rolle. Ut skulle eg uansett – turar i fjellet, fisking, fotball og mange andre aktivitetar ute på «Træet». «Træet» er eit stykke dyrka og inngjerda mark, ikkje akkurat slett plen, men med humpar og holer. Her føregjekk det mange duellar og konkurransar mellom oss søsken då alle er like dårlege taparar.

Foto: Stølen på Øyaset, Voss.

At eg er oppvaksen på gard og har tilbragt så mykje tid i fjellet som ung, er nok hovudgrunnen til naturinteressa eg har i dag. No nyt eg kvar tur eg tar, og stansar ofte opp for å observera det vakre landskapet og dyrelivet. Me har eit stort skattkammer av naturopplevingar rundt oss.


Foto: Ein liten pust i bakken i fine omgjevnadar, Bergen.

For det første er det den store variasjonen me har; mørke skogar, djupe fjordar, opne vidder og stupbratte fjell. For det andre er det måten naturen endrar seg etter seseongane. Snøsmelting og blomstring om våren, lyse varme sommarnetter, fargeforandringane om hausten og kalde mørke vinternetter. Naturen er i konstant endring og ein oppdagar nye ting på kvar tur. Berre vêret frå den eine dagen til den andre gjev store skilnadar. Ein dag kan stiane vera tørre, medan neste dag kan ein boltre seg i gjørme. Er du ein morgonfugl som meg, og tek løpeturen straks du har vakna, kan du få soloppgang på kjøpet. Det og solnedgang må vera noko av det vakraste som finst.

Foto: Summer vibes, Høgstefjell i Bergen.

Denne kombinasjonen med løping og natur gjev meg rein glede. Glede er ei individuell kjensle av lykke, og det som opplevast som glede for ein person treng ikkje nødvendigvis å vera glede for andre. Mange løper fordi dei føler dei må eller burde, ikkje fordi dei faktisk vil. Eg gjer det fordi eg vil. Ofte tek eg meg sjølv i å smila mutters åleine på tur. Er eg heilt åleine på ein topp, kan eg og ta eit aldri så lite gledesrop.

Publicerat: 2018-07-02 11:53 Kommentarer (0)



Er du ute etter ein RÅ terrengsko?

Då vil eg anbefale deg å sjekke ut Scott Supertrac RC. Skoen for deg som likar og utfordre deg sjølv i terrenget.

Eg har hatt denne skomodellen i om lag eit halvt år (tok den i bruk før eg vart Scott ambassadør) og har vore veldig fornøgd. Designet er røft, skoen er lett (kun 250g), den sitter som støpt på foten og har god demping. Skoen finst i fargen svart med signalgule detaljar og signalgul såle. Overflata er glatt og sømløs, og helen har ei god og mjuk helkappe. Dette gjer at ein unngår ugunstig friksjon og dermed slepp problemar med bl.a. gnagsår. På skopløsene er det laga eigne spor for skolissene.

Testing av Scott Supertrac RC, Bergen Hordaland.

Scott Supertrac RC er heilt super på krevjande underlag; stein, grus, snø og kupert skogsterreng. Skosålen har eit fleirvegs mønster, noko som gir eit solid grep uansett kor i terrenget ein måtte ferdast. Om du spring mykje i skogen og på fjellet, slik som meg, kan du trygt stole på denne skoen. Du kan fint springe i gjørme, på våte steinar, sleipe trerøtter og liknande utan å vera redd for å gli. Eit lite forbehold er vått berg, som eg ikkje har fått testa skona skikkeleg på endå.

(Blogger Laila Himle er ambassadør for Scott)

Publicerat: 2018-06-07 07:32 Kommentarer (0)



#GØYGØYGØY!

Eg har blitt valgt ut til å vera Scott Norge ambassadør og bloggar for Runners World Norge. Dette synes eg er utruleg spanandes, lærerikt, og gir ikkje minst ekstra springemotivasjon. Eg har gode erfaringar med merket frå før og ser veldig fram til dette samarbeidet.

Mitt namn er Laila Himle (1991-modell) og eg er oppvaksen på Voss. Eg er utdanna idrettslærar og jobbar no på ein barneskule i Bergen. Eg er profesjonell fotballspelar for Sandviken IL og likar å tilbringe mykje tid i skog og mark. Fjellet er ein av mine favorittstadar. Springing har blitt ein del av min kvardag, då eg brukar det mykje som avkopling og mental trening. Har eg moglegheit til å stille i ein konkurranse, så gjer eg det og. Dette er fordi eg likar å utfordre meg sjølv, samt som eg har funne ut at dette er noko som passar meg godt. Mitt springemål i år er å fullføre Eiger Ultra Trail run (E35) i Grinderwald med ei venninne.

I gjennom min blogg får de blant anna lese om mine anmeldelsar av Scott sine produkt, min springekvardag, treningstips, konkurransar, kombinasjonen/balansegangen mellom det å vera fotballspelar på toppnivå og springing + mykje meir. Så stay tuned.

Publicerat: 2018-05-31 18:03 Kommentarer (0)



MerLaila Himle

Laila Himle er ambassadør for Scott. I denne bloggen forteller hun om trening, konkurranse og utstyr.

Dette er meg:

Født: 21.06.91

Heimstad: Voss

Utdanning: Bachelor i kroppsøving og idrettsfag. Tek vidareutdanning i Naturfag ved UIB.

Yrke: Lærar på barneskule og profesjonell fotballspelar for Sandviken IL (toppserien).

Interesser: friluftsliv, langrenn og springing

Målsetjing: utvikle meg som fotballspelar, samt å delta på ulike springekonkurransar. Årets springemål er å gjennomføre Eiger Ultra Trail run i Grindelwald, Sveits (E35).

Ambassadør: Scott Norge Trening

Instagram: laihimle

RSS-flöde

Arkiv



Mest lest




I bloggen

Siri Therese Flamme-LarsenMer

Først må jeg si at jeg vet hvor heldig jeg er. Jeg har vokst opp i en aktiv familie, der alle ... [Läs mer]

Anna Tien Nguyen-SkaretMer


|Sponset innlegg| Jeg husker da datteren min var ca 4 år, kom hjem fra barnehagen og sa: «mamma, si ... [Läs mer]

Eira TorsteinsenMer

Hei dere! Søndag 30. september deltok jeg på rosasløyfe-løpet i Tromsø sammen med mange andre ... [Läs mer]

Følg Runner's World fb_symbol

Påmelding nyhetsbrev

Annonser
Annonser
Annonser