Laila Himle - Ein løpevest med god komfort - Runner's World
Annonse

Laila Himle

Ein løpevest med god komfort

Scott Pack Trail RC – «ein løpevest med god komfort og plass til det du treng under lange løp».

«Balsam for sjela» eit bilete frå ein langtur i sommar.

Om ein skal delta på lange løp, motbakkeløp og liknande er det ofte eit krav om at deltakar må ha med seg mat og drikke, klær og diverse utstyr under turen av sikkerheitsmessige årsaker. Kvar deltakar skal vera sjølvforsynte mellom forfriskningsstasjonane/kontrollpunkta og ha varme klede tilgjengeleg. Uvær kan oppstå. Då er det lurt å ha ein sekk/vest som har lita vekt, rommar mykje og som har god funksjonalitet. Scott Pack Trail RC veg rett i overkant av 300g og kan romme opp til 4l + væske. Den er svært elastisk og har justerbare stropper som gjer det enkelt å tilpasse vesten til kroppen. Den har både lommer framme, bak og på sidene noko som er optimalt for å kunne fordela bærevekta – dette gjer det enkelt å få tilgang på nødvendig ernæring under turen. Framme på vesten er det festa ei nødfløyte om uhellet skulle vera ute. På ryggen er det ei ope lomme utanpå hovudlomma der ein kan setje løpestavar nedi, om ein brukar det, og ei stroppe på toppen til å feste dei med. Det følgjer med to Scott soft «squeeze-flasker» som rommar 0,5l kvar. Dei er geniale når ein skal ha rask væsketilførse. Då det berre er til å bøye hovudet ned og klemme på flaska. Vesten kjem i fargen svart med gule detaljar, slik som mykje anna av Scott sitt utstyr.


Bergen, Hordaland.

Scott Pack Trail RC er ein løpevest eg likar veldig godt, og eg ser det er mange gode fjelløparar som brukar den same. Eg brukte denne under Eiger Ultra Trail run i sommar, og har den alltid på meg under lange løpeturar. Den er komfortabel, sitt klistra på overkroppen og gneg ikkje mot huda. Det er herleg å sleppe å kjenne ein sekk som hoppar opp og ned på ryggen når du er ute og skal nyte turen. Til samanlikning med min gamle Camelbak drikkesekk, vart eg meir andpusten ved inntak av væske gjennom drikkeslangen enn kva eg no blir. Det var heller ikkje så lett å halde Camelbaken rein. «Squeeze-flaskene» derimot, kan du hive rett inn i oppvaskemaskina. I tillegg er løpevesten til Scott forholdsvis prisgunstig og ligg rett i underkanten av 1000-lappen.

Det eg skulle ønska, var at Scott kom med eit større størrelsesutval av denne vesten. Den kjem i størrelsane XS/S, M og L/XL. Mellom dei to fyrste størrelsane er det kjempestor forskjell. M blei for stor for meg, medan XS/S er i grenseland. Under turar og løp på våte dagar, kan det vera smart å pakke dei tørre kleda inn i brødposar då vesten ikkje er vanntett.

Du kan lese meir om produktet og teknisk informasjon her...


2018-09-12 13:41, visad 410 ggr

Kommentarer (0)

Kommentere


MerLaila Himle

Laila Himle er ambassadør for Scott. I denne bloggen forteller hun om trening, konkurranse og utstyr.

Dette er meg:

Født: 21.06.91

Heimstad: Voss

Utdanning: Bachelor i kroppsøving og idrettsfag. Tek vidareutdanning i Naturfag ved UIB.

Yrke: Lærar på barneskule og profesjonell fotballspelar for Sandviken IL (toppserien).

Interesser: friluftsliv, langrenn og springing

Målsetjing: utvikle meg som fotballspelar, samt å delta på ulike springekonkurransar. Årets springemål er å gjennomføre Eiger Ultra Trail run i Grindelwald, Sveits (E35).

Ambassadør: Scott Norge Trening

Instagram: laihimle

RSS-flöde

Arkiv





I bloggen

Marthe K.M. LienMer


Hei :-D Etter 2 uker med feber, vond hals og dårlig form er jeg endelig tilbake med løpeskoene på ... [Läs mer]

Team RW RåskinnetMer

Med kun noen få dager kvar til startskuddet går av på Råskinnet er det mye følelser som er i sving ... [Läs mer]

Mari WeiderMer


Hjerte mitt har knust i tusen biter to ganger siste årene. Første gang var da Andreas Dietzel ... [Läs mer]

Følg Runner's World fb_symbol

Påmelding nyhetsbrev

Annonser
Annonser
Annonser