Laila Himle - Eiger Ultra Trail Run: «Mitt fyrste store terrengløp» - Runner's World
Annonse

Laila Himle

Eiger Ultra Trail Run: «Mitt fyrste store terrengløp»

Eg veit nesten ikkje kor eg skal byrje å fortelje. Alt frå opningsseremonien om fredagen til løpet var gjennomført laurdagen har vore ei magisk reise. Spenninga og nervene før start, smertene undervegs og gledeskjensla i målgang var ubeskriveleg. Eg trur nesten du må oppleve det sjølv for å forstå det. Det var nesten som om eg hadde funne meg sjølv.

Eiger Ultra Trail Run foregår i Grindelwald, Sveits, og vart arrangert for sjette gong no i år. Distansar ein kunne velje mellom var E16, E35, E51 og E101. Me var to jenter som reiste saman nedover. Eg valde distansen E35 og ho tok E16. Ingen av oss hadde tidlegare erfaringar med liknande konkurransar så me visste difor lite kva me gjekk til. Hovudgrunnen til påmeldinga var at me ville søkje nye naturopplevingar, samt at eg ville utforske meg sjølv på løpefronten. Er løping noko eg kan tenkje meg å drive meir med?

Spenninga bygde seg opp då det nærma seg avreise. Tankar om korleis me skulle førebu oss, kva tempo me skulle halde, korleis check pointsa fungerte osv. var ting me hadde lita greie på. Om me i det heile skulle klare å nå timelimiten var uvisst. Me «googla» sjølvsagt litt på førehand, men når det kom til stykke så gjorde me det me synst virka mest fornuftig der og då. Mange vurderingar såg ut til å fungera bra, medan andre vurderingar kunne me ha gjort noko annleis. Særleg eg som hadde ein litt lengre distanse. Viktigheita av salt både før og under konkurransen fekk eg merka godt. Eg trudde eg hadde gjort eit bra val med minimum to liter sportsdrikk, to gels og tre sportsbarar, men det viste seg å verta alt for lite. Krampa tok meg etter 26,6km, då eg var på full fart i utforkøyringane inn mot mål, og ein fysio måtte trø til på siste check point. Tempoet eg held fram til dess var i grunn greitt, då eg aldri vart skikkeleg sliten (dette trass 2000 høgdemetrar), og eg låg veldig bra an i klassen. Mamma følgde sjølvsagt med heime på datasport, så eg fekk ei heil oppdatering etter målgang om korleis eg hadde lagt an heile vegen. Hadde berre krampa helde seg vekke nedover bakkane, kunne dette blitt eit ganske godt resultat. Grunna mitt konkurranseinnstinkt kjende eg bitterheita kom litt smygande..

Foto: Eit lite gledessmil etter endt løp !

Foto: Alle deltakarar som fullførte løpet fekk medaljar. Stein som var henta frå Eiger.

Elles var det ein spektakulær tur. Grindelwald har eit unikt fjellområde, populært både om sommaren og vinteren, og ein kunne løpe i rein nytelse. Veret starta med litt regn, for så å skine opp. Folk var i møtekomande og trivlige. Var det nokon du passerte eller sprang ilag med heia dei deg fram og ønska deg ein god tur vidare. I tillegg stod det tilskodarar i store delar av løypa som skapte stemning. Sportsfotografar var plasserte ut og tok fine bileter av alle deltakarane. Desse er blitt tilgjengelege for dei som måtte ynskje det.

Foto: Undervegs i løpet, Alphafoto.com

Dagen etter løpet tok me ein sightseeing med tog, der me fekk oversikt over områda me hadde boltra oss i. Det var svært interessant, då me fekk sett dei store avstandane og høgdene me eigentleg hadde fart over.

Foto: Peikar opp mot Männlichen der løypa gjekk, Grindelwald.

Foto: Løypa gjekk under toppen av Eiger, Grindelwald.

Løypeprofil og kart for E36:

Høgdeprofil og kart henta frå: https://www.eigerultratrail.ch/en/e35-north-face-trail.html

Foto: Scott sine Supertrac RC sko og Pack Trail RC var ein del av outfiten. Takk for god sponsing, Scott Norge!

Dette har vore eit eventyr eg ikkje ville vore forutan. Eg er mange erfaringar rikare, og er allereie på utkikk etter nye løp. Har du gode forslag eller treng nokon å reise med send gjerne tips :)

No skal eg nyte dei siste feriedagane i den Italienske rivieraen. Ciao!

Foto: Cinque Terre, Italia!


2018-07-22 14:08, visad 1837 ggr

Kommentarer (0)

Kommentere


MerLaila Himle

Laila Himle er ambassadør for Scott. I denne bloggen forteller hun om trening, konkurranse og utstyr.

Dette er meg:

Født: 21.06.91

Heimstad: Voss

Utdanning: Bachelor i kroppsøving og idrettsfag. Tek vidareutdanning i Naturfag ved UIB.

Yrke: Lærar på barneskule og profesjonell fotballspelar for Sandviken IL (toppserien).

Interesser: friluftsliv, langrenn og springing

Målsetjing: utvikle meg som fotballspelar, samt å delta på ulike springekonkurransar. Årets springemål er å gjennomføre Eiger Ultra Trail run i Grindelwald, Sveits (E35).

Ambassadør: Scott Norge Trening

Instagram: laihimle

RSS-flöde

Arkiv





I bloggen

Siri Therese Flamme-LarsenMer

Først må jeg si at jeg vet hvor heldig jeg er. Jeg har vokst opp i en aktiv familie, der alle ... [Läs mer]

Marthe K MyhreMer


Mange lever et veldig rutinepreget liv. Lever etter klokka 24 timer i døgnet, 7 dager i uka, 52 ... [Läs mer]

Bjørg Astrid JohannesenMer

Jeg klarte det! Drømmen om maraton har gått i oppfyllelse! Det er snart to uker siden jeg løp mitt ... [Läs mer]

Følg Runner's World fb_symbol

Påmelding nyhetsbrev

Annonser
Annonser
Annonser